Logg inn

Master of Management

Beskriv prosjektet ditt.

Kurset Kommunikasjon i organisasjonar ved Handelshøyskolen BI er eit emne av ei "Executive master of management"-grad. Ei fullstendig grad er sett saman av tre ulike emne, men du kan og velje berre å ta eitt sjølvstendig program. Kurset hadde oppstart i august og har gått over 5 ulike samlingar. I tillegg til å skulle levere inn ei større, meir utfyllande fagleg og teoretisk oppgåve, er det også ein avsluttande skuleeksamen. Kurset gir totalt 30 studiepoeng.

Sjølve studiet har tatt for seg teori og praksis ved å bruke kommunikasjon som "verktøykasse" og psykologiske reaksjonar knytt opp til ulike fagmondular. Dette gir både teoretisk innsikt og praktiske verktøy innan feltet organisasjonskommunikasjon, både når det gjeld endringskommunikasjon, motivasjon, og kommunikasjon ved fusjoner/fisjoner og nedbemanning. Tema som identitet, organisasjonskultur, avgjerdstaking, nye medium, interpersonleg kommunikasjon og kommunikasjon i grupper er også viktige emne i tillegg til dei utfordringar og moglegheiter som ligg innan digital kommunikasjon.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg synest kurset med alle dei ulike delene om kommunikasjon har vore svært relevant for meg og bransjen eg er i (media) generelt, og som leiar spesielt.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Kurset er krevjande, men om ein er innstilt på det så gir kurset både ny "input", utvikling og fagleg styrke.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Kurset er krevjande både når det gjeld oppgåveskriving, innhenting av faglitteratur utanom sjølve pensum, og når det gjeld pensum som er lagt opp til dei ulike samlingane. I kombinasjon med full jobb må ein vere innstilt på at det krev ein ekstra innsats. Om ein er det - får ein svært mykje ut av faget og dette året - både når det gjeld fagleg og når det gjeld eit rikare nettverk.

Studiested: https://www.bi.no/