Logg inn

Engelskkurs i London

Her er klassen min. Før eg kom, måtte eg ta ein språktest, for at skulen skulle vita kva nivå eg var på. Eg måtte også ta ein test då eg reiste, og heldigvis så hadde engelsken min blitt såpass mykje betre at eg var kommen ein level høgare på skalaen.
Her er klassen min. Før eg kom, måtte eg ta ein språktest, for at skulen skulle vita kva nivå eg var på. Eg måtte også ta ein test då eg reiste, og heldigvis så hadde engelsken min blitt såpass mykje betre at eg var kommen ein level høgare på skalaen.
  • Her er klassen min. Før eg kom, måtte eg ta ein språktest, for at skulen skulle vita kva nivå eg var på. Eg måtte også ta ein test då eg reiste, og heldigvis så hadde engelsken min blitt såpass mykje betre at eg var kommen ein level høgare på skalaen.
  • Eg valte å bu hos vertsfamilie, som var Rochelle. Ho var ei pratsom og triveleg dame, som også ville ha god orden i leiligheita si. Eg hadde mange husreglar å forhalda meg til, og måtte for eksempel vaska dusjen kvar gong eg hadde brukt den. På ei anna side var ho veldig hjelpsam, og den første dagen laga ho ein reiseplan til meg, slik at eg visste korleis eg skulle komma meg til skulen. Eg måtte først ta ein tog, så to ulike undergrunnslinjer.
  • Skulen la til rette for at ein kunne melda seg på fleire ulike aktivitetar utanom skuletid. Her frå ein tur til Cambridge, den første søndagen eg var i Storbritannia.
  • Ein klassekamerat knipsa dette biletet av meg i ein konsentrert augneblink i klasserommet.
  • Det blei også tid til litt sightseeing i løpet av opphaldet. Her blir dronning Elizabeth sin bursdag markert, og eg fekk så vidt tid å knipsa eit bilde medan prinsesse Kate, Camilla og prins Harry for forbi.

Beskriv prosjektet ditt.

Eg valte å reisa til London for å studera engelsk ein månad, rett og slett fordi eg følte at engelskkunnskapen min ikkje var god nok. Prosjekttittelen fortel ganske klart kva som var målet med turen: "No skal eg bli betre i engelsk!"

Hva gjør dette relevant for deg?

Sjølv om eg jobbar i lokalavis, så hender det at eg intervjuar folk som snakkar engelsk. Somme gonger gjer eg også research på engelske nettsider, eller mottek pressemeldingar på engelsk.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg er svært nøgd med opplegget. Eg valte å studera gjennom organisasjonen EF, som har ein eigen skule for studentar som er over 25 år i London. I tillegg til å studera sjølve språket, fekk eg på denne måten høve til å bli kjent med folk frå heile verda via skulen. Her var det studentar frå Brasil, Japan, Kina, Frankrike, Finland, Chile, Sveits, Tyskand, Frankrike m.m.

I klassen hadde me mykje diskusjonar om ulike tema for å praktisera språket vårt, og på denne måten fekk me læra om ulike kulturar i forskjellige land. Det å diskutera straff for barn var ganske spennande, for meiningane var svært ulike sidan folk var oppvaksne med ulike kulturar. Det var også høve til å melda seg på ulike aktivitetar utanom undervisninga. På denne måten var det enkelt å få praktisera språket utanom skuletid, og det var lett å bli kjent med andre. Eksempel på aktivitetar: skriveklubb, filmklubb, jobbsøkarklubb, salsa-kurs, musikalar, pub kvar tysdag ol.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Eg valte å bu hos vertsfamilie, nettopp for å praktisera språket mest mogleg. Hadde eg valt på nytt, så hadde eg truleg valt studentheim. Her får du også snakka mykje engelsk, sidan dei fleste andre ikkje kjem frå Norge. Dei som budde der hadde mykje kortare reiseveg til skulen/sentrum. Det var veldig vanleg å bruka opp til ein time kvar veg til skulen, for dei som budde i vertsfamilie. Det måtte eg, så det gjekk ein del tid vekk til reising. Når et er sagt, så hadde eg god tid til å lesa engelske blader/aviser på toget og undergrunnen, så det var ikkje heilt bortkasta.

Studiested: http://www.ef.no/ils/destinations/united-kingdom/london-russell-square/