Logg inn

Engelskkurs i New York

Beskriv prosjektet ditt.

Eg hadde lyst til å friske opp og betre engelskkunnskapane mine, både skrift og tale, og fekk moglegheit gjennom Stup. Eg fekk innvilga stipend for eit fire veker langt engelskkurs i New York. Skulen eg valde, St. Giles International avdeling New York, fekk eg anbefalt av ein tidlegare Stup-deltakar som var svært nøgd etter å ha gått der. Ved kursstart må alle deltakarane gjennom ein munnleg og ein skriftleg test for å kartlegge nivå for undervisninga. Eg ville også undersøke moglegheita for å ta Cambridge-testen, som er ein av verdas mest kjende nivåtestar for engelsk, brukt av ei rekke internasjonale selskap og av dei største universita. Skulen hadde eit eige kurs for å førebu testen, som eg blei ein del av. Dette var eit tre månader langt kurs, men eg valde å bli med på ein månad av det, og heller forsøke å gjere resten av førebuingane til testen som sjølvstudium i etterkant. Eg tykte undervisninga var god og effektiv frå første stund. Det var fokus på å skrive og å snakke, på teksforståing og på grammatikk. Me var ein liten klasse på seks elevar og låg på omlag same kunnskapsnivå, så samarbeidet og gruppedynamikken fungerte fint. Kvar ettermiddag fekk me lekser og oppgåver til neste dag, nokre skriveoppgåver som læraren retta andre grammatikkoppgåver gjekk gjennom i fellesskap.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg har ikkje fokusert på det engelske språket sidan eg gjekk på vidaregåande skule. Eg kjende meg svært priviligert som kunne sette meg på skulebenken for å lære igjen. Kurset har utvida ordforrådet mitt, gjort meg langt tryggare på at min eigen grammatikk og min skriftlege framstillingsevne. Eg trur det er lettare for meg no, både å lese fagrapportar og artiklar og kunne kommunisere skriftleg med englske kjelder etter dette kurset. Forhåpentlegvis vil eg også klare å gjennomføre Cambridge Advanced testen etter nokre månader der eg studerer på eiga hand.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg var veldig nøgde med St. Giles og klassen eg kom i. Nivået på undervisninga var høgt, gruppa eg jobba saman med fungerte godt. Og sjølv om eg hadde eg godt språkleg nivå før eg starta, har eg likevel lært svært mykje. Minus, eg skulle gjerne hatt litt meir tid. Dei andre elevane i min klasse hadde 3 månader for å førebu testen, eg skal studere meir når eg er tilbake i Noreg, og ta testen i etterkant. Dette er sjølvsagt meir krevjande då eg må kombinere jobb og studier.

Studiested: http://www.stgiles-international.com/english-language-schools/usa/new-york-city