Logg inn

Russiskstudiar i Moskva

Klassisk turist på Den raude plassen.
Klassisk turist på Den raude plassen.
  • Klassisk turist på Den raude plassen.
  • MGU - Det statlege universitetet i Moskva. Meir stasleg utanfor enn innandørs.
  • Ein heilt vanleg dag hos Ludmila ved MGU. Her underviser ho studentar frå Italia, Sveits, Tyskland og Ecuador.
  • Я люблю Москву.
  • Morten Jentoft viser korleis ein Moskva-korrespondent jobbar.
  • Det er litt stiligare å gå i butikken i Moskva.
  • Natteblikk frå området rundt Den raude plassen.
  • Det segnomspunne Bolshoiteateret.
  • Svanesjøen sett frå bakre rekke.

Beskriv prosjektet ditt.

I september 2015 drog eg nærast rett frå valvakerapportering i Oslo til Moskva, der eg starta på eit firevekers språkkurs på MGU - det statlege universitetet i Moskva. Saman med 4-6 andre utanlandske studentar hadde eg undervisning på MGU fire dagar i veka. Undervisninga veksla mellom gramatikkøvingar, historieskriving og diskusjonar om dagsaktuelle tema. Læraren var oppteken av å legge til rette for gode samtalar og debattar, og saman med dei andre studentane vart eg utfordra på å mellom anna fortelje om samfunnet i Norge, samtidig som vi gjennom læraren fekk eit interessant innblikk i korleis ho som russar såg på ulike hendingar og aktuelle tema. Frå dag til dag fekk vi heimelekser, og vi hadde også små testar no og då. Gjennom MGU fann eg plass å bu, ikkje langt frå universitetet. Tidlegare har eg studert russisk i Minsk, og var ikkje heilt ukjent med språket, sjølv om eg ikkje har praktisert det veldig mykje dei siste åra. Fire veker er kort tid, men eg kom meg likevel eit lite stykke vidare på vegen mot å snakke flytande.

Hva gjør dette relevant for deg?

Russland er nabolandet vårt i nord, og dei siste åra har vist at stormakta i aust speler ei viktig rolle, også i samfunnsdebatten her heime. Då er det viktig at journalistar i Norge kan russisk. Som reporter i NRK Dagsrevyen vil eg gjerne bruke russisk, både i intervju med russiskspråklege som bur i Norge, men også for å halde meg oppdatert på kva russiske medier skriv om saker som er relevante for Norge og nordmenn.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Alt i alt er eg svært nøgd med opplegget på MGU. Men det var lite testing i forkant av kurset, så dei første dagane hamna eg i ei gruppe som jamt over låg på eit lågare nivå enn det er var på då eg kom. Dermed gjekk det vekk nokre viktige dagar før eg kjente at eg var i gong. Då eg kom på rett gruppe vart situasjonen ein heilt annan, og eg er særleg glad for at det var såpass stort fokus på det munnlege. Gramatikkøvingar og glosepugging kan eg tross alt gjer for meg sjølv heime i Oslo.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Timane med undervisning går fort unna, særleg om ein er i gruppetimar, utan privatundervisning (som også er mogleg å få på MGU). Dermed er det viktig å få praktisert språket også utanfor klasserommet. Det er lurt å tidleg legge ned ein innsats for å kome i kontakt med russarar, slik at ein får snakka mest mogleg russisk i løpet av tida ein er ute. MGU hjelper med å finne stad å bu. På førehand fekk eg melding om at eg skulle bu i vertsfamilie, og var glad for det, ettersom det er ein enkel måte å få praktisert språket kvar dag. Men dessverre budde ikkje husverten i leilegheita eg budde i, og kontakten med ho var meir sporadisk. Det kan derfor vere lurt å forsikre seg om at ein eventuell vertsfamilie faktisk er til stades, og ikkje berre leiger ut leilegheita si til studentar som kjem.

Studiested: http://www.mgu-russian.com/en/