Logg inn

'Robert McKey STORY seminar - London' - Ei dannelsesreise...

Beskriv prosjektet ditt.

Sidan eg gjekk på Filmvitskap på Høgskulen i Lillehammer ein gong i forrige årtusen, har eg hatt ei uforløyst trong til å skrive. Eg har, om ikkje alltid så ofte, skreve manusa til programma mine sjølv. Men det har aldri blitt til noko meir og lengre enn det korte formatet. No går eg inn i eit prosjekt for å skildre Grunnlovsjubileet og tida fram til i dag, for dei aller minste. For at den typeiske NRKSuper-sjåaren skal klare å ta inn over seg dei siste 200 åra i vårt samfunn, krevst det eit godt manus. Eg trengde eit rammeverk til å bygge prosjektet mitt på. Difor søkte eg om midlar til å oppleve Story-legenden Robert McKee i London 14.-17. november.

Hva gjør dette relevant for deg?

Når Robert McKee opnar den klassiske Hollywood-storyen for deg og hiv deg ut på djupt vatn er det "sink or swim" frå fyrste time. Det vart eit djupdykk i Story-handtverk og eigendisiplin. Eg fekk verkeleg opna augene for kva det krevs av ein forfattar som verkeleg vil lukkast og kor komplsert den tilsynelatande enkle Story-oppbygga er. Han tok utgangspunkt i den klassiske oppbygninga av Hollywoodfilmen og refererer til fleire eksempel men utan å vise noko. Særleg er han oppteken av filmen Casablanca og heile siste dagen går vi gjenneom denne i detalj. Det gav svært mange a-haopplevingar og plutseleg forsto eg at eg hadde skjønt noko like vel :)

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg må vedgå at eg var utmatta etter fire dagar med hardkjøret til McKee, men utmatta på same måten som ein er lykkeleg sliten etter ei lang og hard treningsøkt eller ein topptur i Sunnmørsalpane. Og nettopp ein topptur eg vel den beste metaforen eg kjem på. Ein laaang motbakke belønna med ei fantastisk utsikt den siste dagen. (Korleis han klarer dette kjøret er for meg ei gåte...)

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Eg vil anbefale dette kurset til den som er nysgjerrig på kva som skal til for å lykkast som forfattar og som no og då kjenner på ein "Story-teller" i magen. Det var fleire som kom ut søndag kveld med stjerner i augene, klare for forfattarskapet. Men det var også dei som kom ut og sa "aldri i livet". Men det veit ein jo ikke før etterpå. Mitt tips er å sjå filmane han refererer til på førehand, og sist men ikkje minst; kjøp "Story" av Robert McKee og ta den med på kurset. Der står alt han går gjennom på kurset, ofte ord for ord, men det får først djup meining når du sit framfor meisterens føter og høyrer det frå hans eigen munn. GOD TUR!