Logg inn

Tid til eit fotografisk djupdykk

Fotografen fotografert på Vågsøy ungdomsskule som no er nær jamna med jorda.
Fotografen fotografert på Vågsøy ungdomsskule som no er nær jamna med jorda.
  • Fotografen fotografert på Vågsøy ungdomsskule som no er nær jamna med jorda.

Beskriv prosjektet ditt.

Eg tek emnet documentary photography - DJM311 som er ein del av masterprogrammet Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda. Emnet er samlingsbasert og er lagt til vårsemesteret. Ein gong i månaden har vi studentar og forelesar Stuart Franklin (Magnum Photos) møttes fire dagar for å diskutere og lære om dokumentarfoto.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg er for augeblikket frilansar og bestemmer over mi eiga tid. Dette er ei god anledning til å bruke tid på eit spesielt emne eller sak- nett det dokumentarfotografering handlar om. Dei siste tre åra har eg arbeidd i lokalaviser. Der er ein ofte potet og alt skal gjerast på ein gong. Då blir det til at ein så vidt får pirka litt i overflata på det ein fotograferar og skriv om. Eg har rett og slett sakna høve til å gå tett på. Samtidig har eg aldri tatt sjansen på å fordjupe meg i noko før, derfor var dette emnet perfekt å melde seg på.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Studiet har vore heilt ok. Eg har sett mest pris på gruppemøtene der forelesar og medstudentar har gjeve tilbakemeldingar på bileta ein har tatt i løpet av prosessen. Eg var så heldig å finne mitt prosjekt ganske tidleg, derfor har eg fått moglegheita til å ta betre og betre bilete frå same miljø. Andre har slitt med å få innpass noko som har gjort at dei ikkje har fått dei same moglegheitane til å perfeksjonere den endeleg biletforteljinga vi skal sitte igjen med. I bunn og grunn er dette eit emne som du må gjere til ditt eige. Det krevst ein del eigeninnsats for å få den kompetansen emnet tilbyr. Det negative med dette emnet må vere at eg har gått på høgskulen i Volda før. Eg var også studert kunstfoto i Wales. Mykje av forelesningane omhandla tema som eg allereie har hatt forelesningar om tidlegare. Likevel har det vore det fint å repetere og sjå det siste foto-århundret gjennom auga til fotograf Franklin.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Skal du ta dette emnet må du hugse å sette av tid. Ikkje skuld på jobb, ferie eller krevjande familiemedlem. Forelesningane er samla slik at du ikkje har meldeplikt kvar veke som vanlege studentar har. Dette er ein unik moglegheit til å fordjupe deg i noko du brenn for. Att på til får du møte kollegaer frå alle verdshjørner og norske landsdelar som meir enn gjerne deler av sine erfaringar.

Studiested: http://hivolda.no/