Logg inn

Menneskerettar i New York og Paris

FN representerer den globale, gode viljen. Men kva praktisk effekt har dei store orda som blir uttalte i FN-bygningen i New York?
FN representerer den globale, gode viljen. Men kva praktisk effekt har dei store orda som blir uttalte i FN-bygningen i New York?
  • FN representerer den globale, gode viljen. Men kva praktisk effekt har dei store orda som blir uttalte i FN-bygningen i New York?

Beskriv prosjektet ditt.

Eg fekk STUP-stipend for å auka kompetansen min på ytringsfridom og menneskerettsspørsmål gjennom deltaking på to internasjonale konferansar om menneskerettsspørsmål, den eine ved Fordham University i New York, den andre i regi av World Academy of Science, engineering and technology i Paris.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg er utdanna statsvitar, og jobbar som kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad - blant anna med ansvar for litteratur. På eitt av litteraturområda har Stavanger ein spesiell posisjon – både i Norge og i verda. Kulturhuset Sølvberget er eit senter for ytringsfridom og menneskerettar, både gjennom Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom (Kapittel), men særleg gjennom Icorn (International Cities of Refuge Network), som er det internasjonale hovudkvarteret for eit fribynettverk av 52 byar i Europa og Amerika som tek imot forfølgde forfattarar og intellektuelle.

Utgangspunktet for å villa setja meg grundigare inn i desse spørsmåla, er eit større journalistisk prosjekt nettopp rundt fribyforfattarane. Men eg ønska i tillegg å auka kompetansen min på heilt sentrale spørsmål i dagens verd: Kor går grensene for ytringsfridomen? Korleis vega individuelle, sivile rettar mot statens interesser, både sikkerheitsmessige, grensemessig og økonomiske? Korleis står det til med menneskerettane i ei globalisert verd, i krigen mot terror, i flyktningekrisa, i klimakrisa?

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

På sitt beste, gir intensive akademiske konferansedagar med nokre av verdas fremste ekspertar på desse fagfelta stort utbyte. På sitt verste blir slike fagkonferansar vel faginterne, smale og med innlegg som knapt handlar om det du trudde skulle vera tema. Sånn sett var eg heldigare med konferansen i New York enn den i Paris. Noko av det interessante med konferansen i New York, var at framståande forskarar på menneskerettsområdet møtte praktikarar på feltet, som til dømes hadde jobba i mange år i FN-systemet. Det var svært interessant oppleva møtet mellom den kjøligare analytikaren og idealisten, møtet mellom den som med fagleg avstand vurderer effektane og dei store linjene, og representanten for Den gode viljen, som jobbar og står på, opplever at innsatsen har stor effekt på bakken - og som får opp temperaturen når teoretikaren påpeiker at det kanskje ikkje går så bra. Det finst jo ikkje ei sjel som vil seia høgt at ho er mot alle dei gode intensjonane som ligg i til dømes FNs menneskerettserklæring. Men er dette bare replikkar i eit slags teater, mens ein i den verkelege verda ikkje set desse spørsmåla like høgt? Har menneskerettsfokuset passert sitt historiske toppunkt? Fleire av deltakarane i New York meinte nok det.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Noko av det vanskelegaste når ein til dagleg ikkje er tungt inne i den akademiske verda, er å vurdera nivå og innhald i akademiske konferansar på førehand. Det kan nok vera lurt å gjera ein del research av dette på førehand, både av sjølve konferansen og av dei som skal bidra der.

Studiested: http://www.isanet.org/Conferences/HR-NYC-2016