Logg inn

LSE Summer School, kurset "Money and Banking"

LSE ligger i Houghton Street sentralt i London. Foto: Fra LSEs hjemmeside
LSE ligger i Houghton Street sentralt i London. Foto: Fra LSEs hjemmeside
  • LSE ligger i Houghton Street sentralt i London. Foto: Fra LSEs hjemmeside

Beskriv prosjektet ditt.

Kurset gjekk over tre veker på London School of Economics (LSE). Det var tre timar forelesing 12 av dagane og 90 minutt seminar med løysing av oppgåver 13 av dagane. På seminaret gikk me gjennom oppgåver gitt i stoffet på forelesingane. Dei seks fyste forelesingane vart halde av Dr. Kevin Sheedy og dei seks siste av Dr. Gianluca Benigno, begge tilsett ved Economics Department ved LSE. Pengepolitikk med ulike verkemiddel var sentralt i fyrste halvdelen av kurset. Sentralbankens bruk av styringsrente, oppkjøp av rentepapir (Quantitative Easing) og rettleiing av marknaden (Forward Guidance) er verkemidla. Verknaden av dei ulike verkemidla vart analysert innanfor ein formalisert modell der produsentane set eine eigne prisar, men der prisane er stive (det vil si at det kostnader ved å endre prisane; "menu-costs"). Optimal politikk for sentralbanken under ulike typar sjokk i økonomien var sentralt. Valutakursar, betalingsbalanse og pengepolitikk var tema i andre delen av kurset. Valutakriser og ulike regimer for kurspolitikken vart drøfta. Modellar for åpene økonomi med gjeldsskranker vart gjennomgått. Dette er relevant for land med høg offentleg gjeld (land sør i Europa). Styringsrenter rundt null var sentralt gjennom heile kurset. Viktige sentralbanker har no negativ styringsrente. Likevel er prisveksten svært låg, og dermed realrenta ganske høg. Det er nye tider i den økonomiske politikken!

Hva gjør dette relevant for deg?

I Aftenposten skriv eg om Norges Bank og norsk pengepolitikk. Som ein liten, åpen økonomi er internasjonale forhold av avgjerande betydning for Norge. Gjennom sterk finansiell integrasjon slår den globale økonomien inn i norsk økonomi og norsk økonomisk politikk. I sin beskrivelse av rentesettinga bygger Norges Bank på mange av dei teoriane som vart gjennomgått på kurset. Det er berre å slå opp i Norges Banks pengepolitiske rapporter, så ser ein dette. Derfor var det svært nyttig å få gjennomgått dei teoriane Norges Bank og andre sentralbankar baserer seg på.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

• Temaene på kurset passa veldig bra inn i området eg arbeider med i Aftenposten. Norges Bank framstilling av pengepolitikken er heilt i samsvar med framstillinga på kurset. F. eks. set Norges Bank opp sin tapsfunksjon og bereknar produksjonsgap for Norge. • Det klaffa også bra med beskrivelsen av kriser i åpne økonomiar, betydningen av internasjonale brutto kapitalstraumar og val av regime for valutakursen. Desse krisene skjedde rundt oss for berre få år sidan. Og det kjem til skje igjen. • Modellar med gjeldsskranke beskriver situasjonen for mange land i Sør- Europa etter finanskrisa. • Ulempen med dei tre vekene ved LSE var at framstillinga er svært analytisk, sett i forhold til mine behov/arbeidsmåte som journalist. Dvs. at det aller meste vert drøfta i form av ligningar og matematisk analyse av desse ligningane – side opp og side ned. Dette gjaldt særleg på seminaret. • På den andre sida: LSE er eit universitet, ikkje ein konferanse. Stoffet er derfor teoretisk meir enn det er praktisk.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Alle som tar slike kurs bør ha universitetsbakgrunn i samfunnsøkonomi. Kurset er basert på at du kan ein god del økonomisk teori frå før. Dessutan kan det vera smart å friske opp igjen delar av pensum i matematikk, til dømes derivasjon og maksimering under bivilkår.

Studiested: http://www.lse.ac.uk/home.aspx