Logg inn

Grunnutdanning i leiing

Her er eg klar til å gjennomføra eksamen i bedriftsøkonomi.  Nervøs, men det gjekk bra.
Her er eg klar til å gjennomføra eksamen i bedriftsøkonomi. Nervøs, men det gjekk bra.
  • Her er eg klar til å gjennomføra eksamen i bedriftsøkonomi.  Nervøs, men det gjekk bra.

Beskriv prosjektet ditt.

Våren 2015 fekk eg stipend til å ta deltidsstudiet "Grunnutdanning i ledelse" ved Handelshøyskolen BI i Bergen. Studiet er samlingsbasert og er delt opp i fire fag, som vert gjennomført haust og vår. Tre fag har skriftleg skuleeksamen, medan eitt har heimeeksamen. Tanken med å søkja dette studiet var å få ny innsikt i leiarteoriar og bedriftsøkonomi, og ikkje minst utfordra meg sjølv til å skaffa meg ny kunnskap.

Hva gjør dette relevant for deg?

Studiet tek for seg mange teoriar i leiing, som konflikthandtering, medarbeidarsamtalar, coaching etc, pluss at ein får god innsikt i bedriftsøkonomi. Som journalist og tillitsvald, og ikkje minst tilsett i ei medieverksemd i krevjande tider, er det særs nyttig å få kunnskap og innsikt i kva teoriar som er rådande innan faget leiing. Det er både nyttig inn mot eigen arbeidsplass, men også i møte med næringsliv som journalist. Faget bedriftsøkonomi, som var 7,5 studiepoeng, gav meg heilt ny innsikt i ein bedrift sitt rekneskap, og lærte meg kva ein bør sjå etter når ein skriv om rekneskap. Denne erfaringa har gjeve meg nyttig tyngde som journalist. Alt i alt har studiet gjeve meg verdifull innsikt, og ikkje minst motivert meg til å søkja ny kunnskap. Er no i gang med eit nytt år på BI i Bergen, no med faget endringsledelse, team og coaching.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Plussar var BI i Bergen. De er profesjonelle, og veit å ta vare på sine vaksne deltidsstudentar. Også veldig nyttig å møta andre vaksne studentar. Studentar i dette faget er hovudsakleg vaksne. Minusar må vera at studiet er samlingsbasert, med samlingar på vekedagar. Dette set krav til arbeidsgjevar og samarbeid. Eg skulle helst å ynskt meg samlingar i helgene. Dette ville ha gjort det lettare. Men alt i alt veldig bra.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Ha tett dialog med arbeidsgjevar, og avklar vikarstøtte med STUP. Skal ein ha fullt utbytte av studiet, i alle fall slik eg ser det, må ein vera til stades på førelesingane. Dette vil gje ein del fravær i løpet av eit år. I mitt tilfelle var det snakk om omlag 25 dagar fravær, altså fem heile arbeidsveker. I tillegg kjem eksamen og lesedagar.

Studiested: https://www.bi.no/kurs-og-programmer/grunnutdanning-i-ledelse/forside/