Logg inn

Intensivt spanskkurs i Madrid

Mars i Madrid - alt frå 25 til 0 grader. Her lekselesing i Retiro-parken
Mars i Madrid - alt frå 25 til 0 grader. Her lekselesing i Retiro-parken
  • Mars i Madrid - alt frå 25 til 0 grader. Her lekselesing i Retiro-parken
  • Gruppearbeid:  reiseblogg fra Mexico
  • Byvandring i Madrid: Plaza Mayor.

Beskriv prosjektet ditt.

Målet med kurset var å friska opp spanskkunnskapane mine. Eg tok grunnfag i spansk ved UiO for mange år sidan, og hadde då eit semester ved Universidad Complutense de Madrid. Målet med dette 4-vekerskurset var å få på plass litt meir av grammatikken, og med det kunna snakka meir flytande. Eg har hatt bruk for spansken i arbeidet mitt som nyheitsjournalist, men har ofte tenkt at det hadde vore kjekt å kunna meir.

Hva gjør dette relevant for deg?

Det har fleire gonger synt seg nyttig for redaksjonen at vi har folk som kan forstå fleire språk. Spesielt under dramatiske hendingar er det viktig å kunna oppdatera seg kjapt og henta informasjon frå twitter, lokale nettaviser og radio/tv. Eg har fleire gonger hatt stor nytte av å kunna forstå spansk og snakka med spansktalande kjelder. Det å følgja med på nyheiter, kultur og samfunnsdebatt frå dei spansktalande delane av verda opnar dessutan for alternative perspektiv i mange saker.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Språkskulen eg gjekk på plasserer elevane på nivå utifrå ein skriftleg test. Dei første to vekene syntes eg det blei for lite snakking i timane. Eg valgte difor å ta eksamen, og vart då flytta opp eit nivå. Likevel var det overraskande kor dårleg mange var muntleg, sjøl om dei var flinke i grammatikk. Det eg hadde mest utbytte av var privattimane, og dersom eg dreg tilbake, vil eg nok berre ha ein til ein-timar.

Lærarane på skulen var kunnskapsrike og engasjerte. Undervisninga var ei blanding av oppgåver, gruppearbeid, samtale og tavleundervisning. Vi hadde også artige spel og kahoots, som gjorde at dagane ikkje blei kjedelege. Lærarane var flinke til å trekka inn aktuelle tema, og la oss læra gjennom å diskutera nyheiter. Gruppene varierte på mellom 3 og 8 studentar, og det var folk frå mange ulike land og i alle aldrar. Skulen arrangerer også ei rekkje ekskursjonar og omvisingar. Eg var ikkje med på så mange av dei, men tilbrakte heller tida med spanske venner. Dei lokala der mine kurs vart gjennomførte var nokså slitne. Det kunne godt ha vore betre tilrettelagt med arbeidsrom for sjølvstudium og betre datatilgang.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Madrid er ein fantastisk by med mykje å sjå og gjera. Mi erfaring er at det er lett å komma i kontakt med folk, og få praktisera språket. Det er nok lurt å bu privat (skulen kan ordne det) slik at du får snakka mest mogleg spansk. Dersom ein er mykje med andre språkstudentar endar det fort opp med eit halvdårleg spansk, eller i verste fall engelsk. Det er lett å reisa rundt i Spania. Landet er fullt av god mat, spennande kulturhistorie og hyggelege folk.

Studiested: http://www.ailmadrid.com/en/1/1/home