Logg inn

The Power of Narrative 2018

Sasha Pfeiffer (Boston Globe)og Emily Steel (NY Times) snakkar om undersøkjande forteljande journalistikk
Sasha Pfeiffer (Boston Globe)og Emily Steel (NY Times) snakkar om undersøkjande forteljande journalistikk
  • Sasha Pfeiffer (Boston Globe)og Emily Steel (NY Times) snakkar om undersøkjande forteljande journalistikk
  • Julie Shapiro frå podkastnettverket Radiotopia sine ti tips til deg som skal starta podkast
  • Ellen Gabler, NY Times, om å finna idear som kan bli til gode historiar
  • Underteikna på tur saman med kollega Hege Haug-Omre frå NRK

Beskriv prosjektet ditt.

Mi reise gjekk til Boston og "THE POWER OF NARRATIVE", som blei arrangert for 20. gong ved University of Boston. Denne konferansen er den største i sitt slag i USA og samlar eit imponerande lag av foredragshaldarar frå avis, nett, radio/podkast og TV, samt eit knippe dyktige sakprosaforfattarar. Forteljande journalistikk har i stor grad også blitt digital, og konferansen har fokus på alle plattformer, sjølv om eg opplevde at det var ei hovudvekt på skrivande journalistikk, og mange av fordragshaldarane jobba også i det undersøkjande feltet i aviser som NY Times og Boston Globe.

Det overbyggjande temaet for konferansen var TELLING TRUE STORIES IN TURBULENT TIMES. Det var vekt både på konkret journalistisk håndverk, etikk, empati og også fokus på samarbeidet mellom journalist og redaktør. Dette årets konferanse var også prega av både Trump og metoo. Redaktør i Huffington Post, Lydia Polgreen, fortalte blant anna om korleis dei etter valget hadde dratt med turnebuss rundt i USA for å prøva å forstå landet; What's Americas narrative in the era of Trump? Kven er dei som nasjon, kva historiar fortel dei, og kven fortel dei til? Polgreen fortalte at dei trente journalistane i empatisk lytting før dei drog ut, og at dei blei slått av gapet mellom den store overordna diskusjonen i amerikanske medier og kva folk var opptatt av lokalt, som ofte handla om konkrete ting som jobb og økonomi.

Julie Shapiro som er sjefsprodusent i podkastnettverket Radiotopia snakka om anatomien i ein podkast og gav ti ulike tips til kva du må hugsa på før du går i gang og startar ein ny podkast. Eit veldig matnyttig foredrag, især for meg som jobbar med å byggja opp podkast i NRK. Ellen Gabler frå NY Times hadde to gode foredrag, det eine om å intervjua etisk og med empati, enten intervjuobjektet er offer eller den som er anklaga. Det andre foredraget hennar handla om kva ein god ide bør innehalda og kva element som bør vera på plass for at det skal gå frå ide til forteljing.

Sasha Pfeiffer frå Boston Globe og Emily Steel, NY Times, hadde eit svært interessant foredrag om korleis dei jobbar med undersøkjande forteljande journalistikk. Sasha Pfeiffer var med i Spotlight-teamet som avslørte overgrep i den katolske kyrkja, og Emily Steel hadde fleire store avslørande reportasjar i NY Times i samband med metoo. Dei understreka begge det viktige i å sjå på kor systema sviktar, og ikkje berre leita etter "the bad guy". Dei drøfta også om forteljargrep kan stå i vegen i vanskelege saker, og når forteljinga er til hjelp. Kor grafisk skal ein vera, når er fakta nok?

Forfattar og journalist ROXANNE GAY snakka framfor ein stappfull sal. Ho har skreve bestselgjarane "Bad feminist" og "Hunger. The history of my body". To av grunnspørsmåla hennar var: -Why should people care about this? -Always make sure you can explain WHY. Ho avslutta med å gi publikum i heimelekse å lesa noko utanfor sitt eige økosystem for å bli betre journalistar, og denne beskjeden til tilhøyrarane: Be nice and stand up for yourself – it's a small world. Roxanne Gay var eit tydeleg forbilde for mange av dei unge kvinnelege afroamerikanarane i salen. Dei aller fleste delegatane var amerikanske journalistar, men det var også ein liten kontingent frå Norge og andre europeiske land. Ein stor del av publikum kom også frå universitetet der konferansen blei arrangert.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg har jobba med forteljande journalistikk i snart tjue år, og er for tida prosjektleiar for podkast i NRK, der eg både arbeider med eigne og andre sine prosjekt. Påfyll som dette er svært relevant i mitt daglege arbeid, og eg kjem til å ta med meg både konkrete idear og håndverksmessige tips inn i jobben min vidare.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Konferansen passar for alle som er interessert i forteljande journalistikk, og især dersom ein jobbar med undersøkjande format. Eg opplevde at det var aller mest vekt på skrivande journalistikk, men også på radio og podkast. TV-mediet var kanskje det som var minst representert. Eg sakna at det også var yngre deltakarar på scenen, av og til føltes det litt som at det var ein del eldre journalistar som snakka om gamle bragder, så eg trur med fordel det kunne vore ein større miks her. Det aller mest inspirerande syns eg var å høyra om det grundige arbeidet som mange av dei som var til stades har lagt ned, om det å halda ut over tid for å få fram viktige saker. Det var lagt stor vekt på journalistikken, og at utan den i botn, er det ingen forteljande former som kan redda historia di.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Det er nyttig å lesa seg litt opp på foredragshaldarane for å få meir ut av foredraga, det blir ofte referert til saker dei har jobba med under foredraga, som ikkje nødvendigvis er kjende for eit norsk publikum.

Studiested: http://www.bu.edu/com/narrative/