Logg inn

Fransk på Martinique

Badestranda
Badestranda
  • Badestranda
  • Bybilete
  • Professeur Melissa
  • Båten til Fort-au-France. Turen tok 15 minuttar.
  • Fort-au-France
  • Innkvarteringa
  • Bybilete
  • Point de Beau
Le Village Creole

Beskriv prosjektet ditt.

Eg hadde behov for å friska opp franskkunnskapen. Fleire av mine kollegaer hadde brukt France-Langue, dei hadde gode erfaringar med dette selskapet. Dei har fleire undervisningsstader i Frankrike (Paris, Bordeaux, Blarritz, Nice). I kurskatalogen var det og kurs på Martiniqe (fransk øy i Karibien). Dette fasinerte meg, i tillegg til undervisninga fekk eg og opplevingar frå eit anna kontinent, så då oppretta eg kontakt med France-Langue på Martinique.

Tok kontakt via deira heimeside (www.france-langue.com), det var enkelt å oppnå kontakt og dei var imøtekommande i forhold til mine ønskjer. Vart fort einige om eit kursopplegg. Dei hadde og tilbod om overnatting. Anbefalte ikkje å bu i Fort-au-France, ikkje trygt å vera ute der åleine etter kl 18.00 vart det sagt. Så deira tilbod og anbefaling var å bu i Pointe-du-Bout, noko eg gjorde. Var praktisk å ha fiksa overnatting før eg kom. Det var heilt greitt å bu der, men veldig enkelt og etter mitt syn for dyrt i forhold til kvaliteten. Så den siste veka skifta eg over til hotell like i nærleiken som var berre litt dyrare med ein heilt anna kvalitet. Ein mindre ekstrakostnad og det var det verdt. (www.hotel-lapagerie.com)

Pointe-du-Bout er ein typisk fransk turistby, med turistbutikkar og kafear og resturantar. Mattilbodet var variert og av god kvalitet. Det var fleire strender i bysentrum med krystallklart vatn, der var dei greitt å slappa av på ettermiddagen. Frå der eg budde på Pointe-du-Bout tok eg ein liten hurtigbåt (stort sett med avgang kvar halvtime) over bukta til Fort-au-France (hovudstaden på øya). Båten tok 15 min og det var 5 min å gå frå hamna til undervisningslokala.

Studiested: www.france-langue.com