Logg inn

Fjerne marmoren som ikkje liknar ei løve

Fargerik inspirasjon
Fargerik inspirasjon
  • Fargerik inspirasjon
  • Skriveøkt
  • Næring for kropp og sjel

Beskriv prosjektet ditt.

Alle har godt av å lære noko nytt enten det er eit fag eller noko om deg sjølv. Eit skrivekurs gje deg begge delar. Eg har i mange år hatt lyst til å gå på eit skrivekurs, men det å skulle bli evaluert på tekst som eg sjølv ikkje framfører, har virka skummelt. Ei venninne tipsa meg om skrivekurset til Niels-Christian Geelmuyden i Marrakech – ho hadde sjølv hatt stor glede av det.

Hva gjør dette relevant for deg?

Etter å ha skrive korte tekstar og framført dei for det norske folk i 20 år så hadde eg bruk for inspirasjon og gode tips til å gjera tekstane betre, nærare og med god flyt. Eg håpa å få teknikkar som kunne gjera meg betre til å skrive, men òg forstå kva som gjer ein tekst god og enkel å forstå. I tillegg var det eit mål å bli litt modigare i skrivinga.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Duoen Geelmuyden/Hauer er gull. Dei utfyller kvarandre heilt perfekt på både det faglege og det praktiske. Dei er båe hjartevarme og til stade, noko som gjer at all frykt forsvann som dogg for den Marokkanske sola. Me var til saman 13 elevar på kurset i forskjellige alder og yrke. Dette gjorde dagane innhaldsrike, spennande og menneskelege. Gjennom ein 10-punkts sjekkliste gav Niels-Christian oss eit veldig bra verktøy å bruke i skrivinga til å gjera teksten betre og meir fargerik. Me fekk òg tekniske bod som med små veldig enkle grep gjer teksten lettare å lese og driv den framover. Å ha kurset i Marrakech er heilt perfekt. Det kostar altfor mykje å ha 4G på så dei som er avhengige av sosiale media og mail får fri. Eg var heilt avkopla ei heil veke og kunne verkeleg bade i inspirasjon og dykke ned i kurset og skrivinga.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Ta med pc og varme klede. Meld deg på og gled deg. Grue seg hjelper ikkje. Ver open for nye tankar både frå deg sjølv og andre og gled deg over å møte nye menneskje med andre historier og eit anna syn på det å skrive. Fordelen er at alle er der av same grunn – å lære kunsten å skrive. Eller som Picasso sa om korleis han kunne lage ei løve av ein marmorblokk; «Det er berre å fjerne dei delane av marmoren som ikkje liknar ei løve».

Studiested: http://www.marrakech.no/