Logg inn

Engelskkurs i New York

Beskriv prosjektet ditt.

Å snakke engelsk gjer vi nordmenn lett - om vi er på ferie, møter turistar eller er på middag med gode venner. Det å skrive engelsk grammatisk riktig kan derimot sitte litt lenger inne. Ord og uttrykk forsvinn når ein ikkje praktiserer det dagleg. Difor hadde eg eit sterkt ynskje om å forbetre engelsken min skriftleg i eit engelskspråkleg land. Valet falt på New York og språkskulen St. Giles International. Med det kunne eg både forbetre engelsken min og få ein betre oversikt over verdas kulturhovudstad New York.

Hva gjør dette relevant for deg?

I det daglege arbeidet mitt som kulturjournalist i NRK er eg ofte i kontakt med kjelder som snakkar og skriv engelsk. Det kan vere vanlege intervju, i research-fasen eller for å få klarlagt rettar til materiale. Det å vere stødig i engelsk i ein hektisk kvardag er meir og meir avgjerande. Mitt ynskjer var å føle meg tryggare språket og samtidig forbetre kunnskapane mine så mykje at det ikkje er nokon tvil om at eg faktisk får fram den bodskapen eg ynskjer å formidle.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Undervisninga ved St. Giles skulle vere ein kombinasjon av uttale, skriftleg undervisning og grammatikk. Ved starten av kurset var det veldig mykje fokus på uttale og lesing, og langt mindre på det skriftlege. Dette etterlyste eg etter to dagar og blei tatt på alvor med ein gong. Administrasjonen skreddarsydde eit opplegg for meg slik at eg kunne også forbetre det eg verkeleg kom for - skrive engelsk. På profesjonelt vis var dei serviceinnstilte og tilrettela. Det gjorde at ein blei tatt på alvor som student og dei viste stor fleksibilitet når ikkje alt var som det skulle. Lærarane ved skulen var vant med elevar frå heile verda og var dyktige. Skulen haldt til midt i smørøyet på Fifth Avenue, med Empire State Building som næraste nabo. Eit glimrande utgangspunkt når ein vil lære engelsk og oppleve kulturbyen.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Det er mange språkskular i New York. Inntrykket er at desse trekker til seg studentar frå deler av verda som nesten ikkje kan engelsk i det heile. Ved å ta kurset ved eit universitet kan ein kanskje sikre kvaliteten langt betre, men der er også søknadsprosessane meir komplisert og tek lang tid. Ta kontakt med språkskulen direkte for informasjon og unngå agentar som sel studiepakkar. Mi erfaring er at dei er meir interessert i å selje eit produkt, enn at det skal vere best mogleg tilpassa deg som student. Alt i alt var dette eit svært lærerikt og nyttig opphald.