Logg inn

"Une Parisienne" i ein månad

Beskriv prosjektet ditt.

Få program på tv fanga mi interesse i same grad som den franske såpeserien «Helene og gutane» gjorde i tenåra. Eg gjekk ikkje glipp av ein einaste episode i løpet av dei 2-3 åra serien gjekk på TV2. Noko som i sin tur gjorde valet enkelt når eg skulle velje fordjupingsfag på vidaregåande. Men etter at russelua var rydda vekk blei fransken liggande brakk, fram til eg mange år seinare besøkte Paris for første gong. Eg var selt, igjen! Og tida var komen for å børste støv av fransken. Det finst tallause franskkurs i Paris, men valet fell på Alliance française. Her underviser meir enn 100 lærarar. Og folk i alle aldrar frå heile verda kjem for å lære fransk. Klassen min på 9, der alle verdsdelar var representert, trakk vinnarloddet. Vår «professeure» Elodie var perfekt. Med 26 timar undervisning i veka, var fransk-kunnskapane merkbart betre etter fire veker. Elodie snakka berre fransk til oss. Sjølv når vi stilte spørsmål på engelsk, svara ho på fransk. Etter kvart plukka eg opp meir og meir, og ordforrådet auka betrakteleg.

Hva gjør dette relevant for deg?

Det er ingen tvil om at det er enklare å kome i kontakt med folk når ein snakkar same språk. I mitt yrke er det nettopp det det dreier seg om, å kome i kontakt med folk. Som journalist opplev ein stadig språkbarrierar. For eksempel under og i etterkant av den arabiske våren. Då flytta mange fransktalande nordafrikanarar inn i nærmiljøet vårt i Norge. Dei hadde historiar å fortelje, men kunne ikkje engelsk. Ein blir ikkje flytande i fransk på fire veker, men ein kjem definitivt eit godt stykke på veg. Neste gong eg treff på nokre fransktalande, vil eg kunne gjere meg litt betre forstått.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Ikkje ver redd for å drite deg ut. Kast deg uti det, i klasserommet. Jo meir du snakkar og stiller spørsmål undervegs i undervisninga, jo meir lærer du.