Logg inn

Franskkurs i Montpellier

Place de la Comédie, Montpellier
Place de la Comédie, Montpellier
  • Place de la Comédie, Montpellier

Beskriv prosjektet ditt.

Eg ønskte å intensivere ei nyleg påbyrja franskopplæring og meldte meg på eit fire veker langt intensivkurs ved språkskulen Accent Francais i Montpellier i Frankrike. Skulen stod på ei liste over lærestader eg fekk tilrådd frå Institut Francais de Norvege. Eg gjennomførte ein skriftleg og ein munnleg språktest før start, og vart så plassert i ein klasse med ni andre som var på om lag same nivå. Intensivkurset innebar 30 timar undervisning i veka, fordelt på eit føremiddagskurs med grammatikk, oppgåveløysing og språkpraktisering i fast klasse, og eit ettermiddagskurs med språkpraktisering og diskusjon i ein utvida klasse, der ein var saman med studentar på ulike språknivå.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg jobbar som nyhendejournalist med særleg ansvarleg for å dekkje EU og Noregs forhold til EU. Sjølv om ein kjem seg langt med engelsk, er fransk eit vel så viktig arbeidsspråk i EU-systemet, og eg har ved nokre høve hatt utfordringar i intervjusituasjonar, og i annan type innhenting av informasjon, som følgje av å ikkje kunne fransk. Eg ser også nytta av å kunne fransk for å kunne følgje tettare dei nasjonale diskusjonane i eit av EUs største og viktigaste medlemsland. Etter ein månad med intensivkurs og opphald i ein by der eg var nøydd til å prøve å snakke fransk heile tida, har eg kome meg opp på eit nivå der det vert enklare å utvikle språkkunnskapane vidare sjølv, og der eg etterkvart kan ta til å bruke språket i jobbsamanheng.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Accent Francais legg stor vekt på språkpraktisering og kommunikasjon, og mykje av undervisninga gjekk ut på å lære frasar, spørsmål og svar til bruk i kvardagslege situasjonar. Det er svært nyttig med tanke på uttale og faktisk bruk. Samstundes hadde eg for eigen del fått endå meir utav det om grammatikken vart grundigare gjennomgått og betre forklart undervegs. Av same grunn skulle eg gjerne hatt skriftleg læremateriale som følgde kurset. På kurset eg følgde fekk vi utdelt kopiar frå dag til dag, men det var i hovudsak berre oppgåvemateriale.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Eg vil tilråde Accent Francais, og særleg for dei som kan litt fransk frå før og er ute etter å friske opp og snakke språket mest mogleg. Eg kan også tilråde å ta eit språkopphald i Montpellier, for der er ein nøydd til å bruke språket overalt og heile tida. I tillegg er det ein hyggeleg studentby, der sola nesten alltid skin.