Logg inn

Å endre verda med historiefortelling

Deltakarar og kurshaldarar
Deltakarar og kurshaldarar
  • Deltakarar og kurshaldarar
  • Brian Storm går gjennom korleis dei har bygd opp ein videofortelling
  • Cinematograf Andrew Ellis viser fram fotoutstyr og fortel om korleis han jobber.

Beskriv prosjektet ditt.

Eg har vore på workshop hjå Mediastorm i Brooklyn, New York. Dette er eit lite selskap som har spesialisert seg på historiefortelling i høg klasse, både når det gjeld video og interaktiv innpakning til nett. Det fem dagar lange kurset var ein gjennomgang av all aktiviteten til Mediastorm, men med særleg vekt på kva forteljartekniske grep dei nyttar seg av.

Hva gjør dette relevant for deg?

Som fjernsynsreportar i NRK er måten vi fortel historer på heilt avgjerande for å nå ut med bodskapen. Mediastorm har som mål å bruke historiane til å nå ut med eit bodskap. Dei nytter teknikker som er annleis frå det som er vanleg hos oss. Det er særs inspirerande å få vite meir om desse, og er heilt klart noko eg vil ta med meg i kvardagen.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Kurshaldarane er mellom dei fremste i sitt felt, om det gjeld fotografering, korleis bygge historier eller digital animasjon. Dette gjorde at kurset hadde ein verdi det hadde vore vanskeleg å finne andre stader. Dei andre deltakarane kom frå særs forskjellige bakgrunnar og det gjorde at dei bidro med nye perspektiv. Eg kunne nok ha ønskt at kurset var litt smalare. Sidan alle sidene av Mediestorm vart omtalt blei det deler om t.d. teknikk som var av mindre interesse for meg.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Dette kurset er for alle som jobber med levende bilete. Det kan og være nyttig for stillbildefotografar som vil utarbeide arbeidsområdet.

Studiested: mediastorm.com