Logg inn

Kurs i Adobe Photoshop

Profilbilde
Profilbilde
  • Profilbilde
  • Eksempeloppgave 1 (Før)
  • Eksempeloppgave 1 (Etter)
  • Eksempeloppgave 2 (Før)
  • Eksempeloppgave 2 (Etter)
  • Bilde frå kurset

Beskriv prosjektet ditt.

Målet med prosjektet var å oppgrade kompetanse min på Adobe sitt bilderedigeringsverktøy Photoshop (PS). Programmet eg, utan nokon form for formell kompetanse eller opplæring, har benytta meg av sia ungdomstida. Planen var å ta eit innføringskurs for å tette dei faglige hola og eit viderekommene kurs for å heve kompetansen.

Kursa var holdt av IGM (tidligare instituttet for grafiske medier) i Oslo. Dei har lang erfaring i kursing og opplæring i digitale medier og visuell kommunikasjon og tilbyr kurs i Adobe Photoshop på fleire nivå. Kursholdar var Stig Aasen. Ein særdeles flink og kunnskapsrik kar med gode formidlingsevner. Kursa det vart søkt om gjekk eigentleg i november, men det vart knapt med tid for å organisere seg fri frå jobb. Tok derfor innføringskurset i januar og viderekommende kurset i april.

Hva gjør dette relevant for deg?

Prosjektet var relevant for meg fordi PS er eit program eg har benytta meg av i lang tid. Kursa har gjort meg til ein tryggare PS-brukar. Som, sjølvlærd har eg, i uvitenhet, kutta ein del hjørner i redigeringsprosessen. Desse “snarvegane” har eg i løpet av kursa vorte gjort merksamd på slik at eg kan unngå dei i framtida. Eg vil særlig trekke fram at kurset har gjort meg merksam på viktigheten av å bevare orginalbileta i redigeringsprosessen. Ved enkle grep kan ein unngå at redigeringa forringer kvaliteten på bileta, slik at ein kan bevare bilete best mogleg for framtida og samstundes ta høgde for at framtidas bilderedigeringsverktøy vil være langt betre enn dagens. Samstundes har eg blitt kjent med funksjoner og hjelpemiddel som eg kan benytte meg av for å arbeide meir målretta og effektivt i PS.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

For meg var prosjektet nyttig. Eg fekk tid til å sette meg grundig inn i prosesser og verktøy som eg berre kjente grunnleggande til. Eg lærte meg og metoder for å arbeide meir effektivt og kvalitetsbevisst. Kursholdar, Stig Aasen, var engasjerande og flink til å ta tak i problemstillinger og utfordringer som kursdeltakere hadde med oss frå vår daglige bruk med photoshop. Kursholders kapasitet til dette vil nok variere med antallet kursdeltakere. På begge kursa eg deltok på var det tre til fire deltakere med gjennomgåande god kjennskap til PS. Noko som gav gode læringsforhold. Det kan og nemnast at kurset er praktisk lagt opp og du har tilstrekkelig tid til å arbeide med oppgåvene undervegs i kurset.

Det einaste eg har å utsette på kursa var at det var ein del overlappande kunnskap som følge av at kurset var delt i to og at eg var den einaste som hadde gjennomført innføringskurset før eg tok kurset for viderekommende.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Til andre som ønsker å ta likande kurs har vil eg primært gi følgande tips. Forbered deg til kurset. Finn ut kva du har lurer på og kva du har lyst til å lære meir om. Er du heldig og havner i ei lita gruppe er sannsynlighten stor for at kursholder har mogleik til å hjelpe deg med dei konkrete utfordringane som du har med programvaren.

Studiested: http://igm.no