Logg inn

Språkkurs i Paris

Beskriv prosjektet ditt.

Eg har lenge hatt lyst til å lære fransk, men det har blitt med tanken. Med STUP fekk eg sjansen til å kickstarte det heile, og det i Paris i fantastisk haustver. Sida eg ikkje har studert fransk før, melde eg meg på eit intensiv-kurs over fire veker, med oppstart i slutten av august 2016. Vi var 8-12 elevar i klassen, og ein gjeng med tilnærma same utgangspunkt språkmessig. Eg studerte på språkskulen Accord, som låg midt mellom Louvre og Notre Dame, så på mange måtar midt i smørauget. I tillegg til klasseromsundervisning kvar dag hadde vi workshop nokre ettermiddagar. Dette for å få meir trening i å snakke fransk.

Hva gjør dette relevant for deg?

Språk er relevant uansett i jobben som journalist. Eg snakkar engelsk godt, noko tysk, og ynskjer å lære eit språk til. Og slik situasjonen er i Europa nett no, ser eg på fransk som særs relevant. Som eg skreiv då eg søkte om STUP-midlar: ”I det daglege nyheitsbiletet har eg mange gongar ynskja å meistre fransk, som til dømes etter terrorangrepet mot Charlie Hebdo. Dei som forstod språket då kunne handtere materialet som kom i ein jamn straum inn på nyheitsdesken. Det har dessutan stor eigenverdi for ein nyheitsjournalist å kunne reise til eit land for å dekkje hendingar der dei skjer. Det er langt frå dagleg eg treng å kunne fransk i jobben min – men dei gongane ein treng det, er det gull verdt.” Når eg kjem opp på eit litt høgare nivå i fransk, håpar eg å kunne gjennomføre intervju på fransk. Då opnar det seg ei ny verd for kven eg kan intervjue og kor i verda eg kan lage journalistikk.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Fyrst og fremst vil eg seie at dette har vore veldig spennande! Eg har lært meir fransk enn eg trudde eg ville gjere på fire veker, og eg har blitt godt kjent med byen. Siste dagane eg var der hadde eg nok språk til å forstå innhald i aviser og på radio. Det gav stor meistring! Hvis eg skal trekkje fram noko eg ikkje var nøgd med på kurset, så var det dei mange utskiftingane av lærarar. Lærarane snakka ikkje så godt saman før dei tok over klassen vår, så eg opplevde at undervisninga vart tidvis repetativ. Då eg og eit par medstudentar påpeika dette til rektor fekk vi flytta opp eit nivå, og då vart det meir progresjon.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Opplev Paris - byen har mykje å by på! Og ikkje ver redd for å snakke fransk sjølv om du stotrar litt. Franskmennene set pris på at du prøver, og hjelper gjerne til om eit verb eller eit ord har gått i gløymeboka.

Studiested: http://www.accord-langues.com/