Logg inn

Kva har skjedd med Cuba?

Yacht-hamna i Cienfuegos
Yacht-hamna i Cienfuegos
  • Yacht-hamna i Cienfuegos
  • Skulejenter Havanna. Alle har skuleuniform på Cuba
  • Television Cubana med kontor I Vedado, Havanna
  • Ingebjørg Sæbu på Plaza de Revolution, Havanna
  • 'Mesa Redonda', debatt og samtalemagasinet til cubansk TV
  • Cuba ereittpartistat, før valet til nasjonalforsamling var det noen få plakatar å sjå. Den nye nasjonalforsamlinga vel ny president 19.april.
  • CUC 2.75, ca 25 kr,  for ein boks Coca Cola, sjølsagt ikkje muleg å kjøpe for ein cubanar som tener vel 100 kroner I månaden.
  • Norges ambassadør, Ingrid Mollestad
  • EVNs sendemann for Latin-Amerika, Juan Carlos Alvarez, basert i Havanna
  • Sigarproduksjon er statleg og eit av fåe produkt Cuba eksporter.

Beskriv prosjektet ditt.

Eg reiste til Cuba for å oppleva korleis folk har det i landet no, utviklinga som har vore dei siste åra, møte andre innan media og akademia og lære litt meir spansk. Eg var dei to første vekene i hovudstaden Havanna, budde i Casa Particulare og hadde privatundervising i spansk. To timar teoretisk undervising kvar dag med særleg vekt på utdanning, helse, Cuba før valet i april og media. Saman med lærar besøkte eg sjukehus/skular/museum/sigarfabrikk for å snakke spansk med cubanerar som arbeider desse stadene. Eg reiste med buss for å besøke andre provinsar /byar og budde mellom anna i byen Cienfuegos. Her hadde eg avtalar og møte med ein regionalplanleggar, ein historikar og tilsette ved universitetet og i turistnæringa. I Havanna igjen hadde eg avtalar med den norske ambassadøren og med eurovisjonens kontakt på Cuba/i Latin-Amerika. Ambassadøren for å vite meir om nordmenn på øya og ikkje minst kontakten mellom ambassaden og cubanske styremakter. Møtene med journalistar og EVN var nyttig for å lære korleis dei arbeider og kontakten med nasjonale styremakter.

Hva gjør dette relevant for deg?

I 2019 er det 60 år sidan revolusjonen på Cuba, snart seksti år styrt av brørne Castro. No i april er det val i landet, 86 år gamle Raul Castro har varsla at han ikkje stiller til val igjen og det er venta at visepresident Miguel Diaz-Canel overtar. Det er interessant å følgje utviklinga mellom USA og Cuba, optimismen frå mange etter at tidlegare president Obamas besøkte landet og nå president Trump som har varsla at han strammar til igjen. Kor fort kjem dette samfunnet til å utvikle seg? Alle ventar ei endring, men ikkje ein heilt anna kurs. Diaz-Kanel, som truleg blir vald 19.april, følgjer venteleg tradisjonen frå Castrobrørne. Han har vore utdanningsminister i Castro-regjeringen. Ved å møte og snakke med cubanerar i ulike delar av landet og med ulik bakgrunn, er det etter kvart muleg å forstå korleis dei tenkjer og lever.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg er godt nøgd med desse fire vekene. Eg møtte mange interessante og engasjerte menneske som har håp og draumar. Dei trur på ei utvikling og håpar det ikkje skjer fortare enn at "heile samfunnet" kan henge med. Nokre eksempel: Den vanlege cubanar tener mellom CUC 10 og 15 kvar månad, mellom 100 og 150 kroner, å tene CUC 20 kvar månad er svært god lønn (ei tilsett i posten på 33 år som eg møtte, arbeider seks dagar i veka, tener ca 100 kr kvar månad.) Dei som arbeider i turistnæringa tener meir, får drikkepengar og tilgang til anna valuta enn den lokale.(fortsatt to valutaer på Cuba)

Det blir stadig fleire av delvis private kafear/restaurantar med varierte rettar på menyen. Statlege restaurantar har færre tilbod, langt dårlegare tilbod enn dei siste åra eg har besøkt landet. Her er mange tilsette, fåe gjester og langt færre rettar å servere. Mange cubanerar fortel at dei har tilgang til kjøtt eller fisk til middag inntil tre eller fire gonger i veka. Det er skrikande mangel på reservedelar og utstyr til maskinar, bussar. (I Havanna er det sjukebilar med påskrift:"takk til Kina som har finansiert denne sjukebilen og sendt oss".) Turistindustrien treng kapital til å bygge ut hamnar, utvikle næringa og ikkje minst vedlikehalde. Fleire utanlandske som bur på Cuba opplever eit stort byråkrati og stor beslutningsvegring. Det aller meste er styrt frå toppen/staten. Fleire som arbeider i eller nær cubanske medier fortel om små ressursar og sentral dirigering og kontroll av alt som blir presentert. Alle medier er eigde av staten. I cubansk TV er utstyret gamalt, det er vanskeleg for utlendingar å besøke studio/kontor. Det var i 2017 ca 4,3 millionar turistar til Cuba, omlag 12.000 frå Norge.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Legg opp ein plan og ei rute for kvar du vil reise. Gjer avtalar før du reiser. Bu på Casa Particulare/privat. Prisane på hotell har auka sterkt og er omlag på norsk nivå. Både pris og tilbod/service er bra privat. Det er ein stor fordel å kunne noko spansk før avreise. Gjer så mange avtalar som muleg før du reiser. Reis med så lite bagasje du er bekvem med og reis rundt i landet, også utanom Havanna. Greitt å reise med buss.