Logg inn

Tyskkurs kveldstid

Beskriv prosjektet ditt.

Eg budde i Berlin i tidsrommet april ut juni som ein del av utvekslingsprogrammet The German-Northern European Journalists' Bursary. Programmet let journalistar frå Norden hospitere i ein tysk redaksjon. Eg hospiterte i die Tageszeitung i Berlin i tillegg til å jobba som frilansar, hovudsakleg for Klassekampen. For å betra tysken min, gjekk eg to kvelder i veka på tyskkurs ved Humboldt Institute. Her lærte eg tysk på nivå B1-2, med vekt på tysk konversasjon og gramatikk. Dette kurset gjekk over åtte veker.

Hva gjør dette relevant for deg?

Tyskkurset gjorde det lettare for meg å koma inn i dagleglivet og jobben i den tyske redaksjonen eg hospiterte hjå. Tysken min var ganske rusten, men eg prøvde å snakke tysk både på jobb og privat. Kurset var med på å gjera meg meir trygg på språket. Mot slutten av opphaldet fekk eg publisert to artiklar på tysk i die Tageszeitung. Eg skreiv kladden på tysk, og fekk god hjelp av kollegaer til å perfeksjonere språket. Eg trur ikkje eg hadde fått til dette utan å ha gått på tyskkurset. I tillegg gjer kurset det lettare for meg å følga med i tyske medier no som eg er tilbake i Noreg.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg ville nok helst ha teke kurset ved Goethe Institute, men dette vart fullbooka lenge i førevegen. Kurset ved Humboldt holdt greitt nivå, litt mykje teori og lite konversasjon for min del. Men det gav meg sjølvtillit til å bruka tysk i tillegg til at eg møtte folk over heile verda som eg framleis er i kontakt med.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Book tidleg for å koma inn på dei beste språkskulane. Vurder gjerne å også gå på reine konversasjonskurs. Som journalist er ofte noko av det viktigaste å klara å koma muntleg i kontakt med kjelder og andre journalistar i landet du er i.

Studiested: https://www.humboldt-institut.org/en/german-courses-in/berlin-city