Logg inn

Hearsay International Audio Arts Festival

Beskriv prosjektet ditt.

Eg deltok på denne festivalen, som blir arrangert kvart år i den vesle landsbyen Kilfinane i County Limerick i Irland. Festivalen hadde eit tettpakka program frå torsdag til sundag med førelesingar, avspelingar, diskusjonar og presentasjonar. Tema var lyd - først og fremst bruk i podkast og radio, men også i meir kunstneriske og eksperimentelle former. Heile landsbyen vart teken i bruk som festivalarena - kyrkja, siderfarmen, biblioteket, private heimar, og dei fleste føredragshaldarane kom frå Australia, Irland, Storbritannia og USA. Dei jobba for store kringkastarar som BBC, CBC og ORF, eller for private produksjonsselskap som Audible og National Public Radio (NPR).

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg er avisjournalist, men har tidlegare jobba i radio i ti år. I fjor vinter laga eg ein podkast-serie for Bergens Tidende, og det gav definitivt meirsmak. Derfor var det veldig inspirerande å få lov til å delta på denne festivalen med så mange dyktige, profesjonelle og kreative produsentar av lyd. Mykje av innhaldet handla samtidig om forteljande journalistikk, slik at eg opplevde at programmet var lærerikt for meg som skrivande journalist.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg synest at dette var ei heilt spesiell oppleving! Fleire hundre dedikerte deltakarar i ei lita gate i ein irsk landsby. Om ikkje alle føredrag heldt like høg kvalitet, var det mange høgdepunkt, mellom anna Eric Nuzum, tidlegare Audible, som har utvikla nokre av dei mest suksessrike podkastane for NPR, som Ted Radio Hour og Invisibilia. Fordi eg er i gang med eit bokprosjekt sjølv i vår, hadde eg også stor nytte av å høyre føredrag om dokumentarprosjekt i lydformat som er blitt overført til bok.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Det er absolutt ein bra stad å dra for journalistar og andre som er opptekne av radio og podkastprodukjson. Litt omstendeleg å kome seg dit, og å skaffe overnatting i landsbyen.

Studiested: http://www.hearsayfestival.ie/