Logg inn

Studere tysk og statsvitskap i Berlin

Pressekonferanse då kanslar Angela Merkel fekk besøk av statsminister Benjamin Netanyahu.
Pressekonferanse då kanslar Angela Merkel fekk besøk av statsminister Benjamin Netanyahu.
  • Pressekonferanse då kanslar Angela Merkel fekk besøk av statsminister Benjamin Netanyahu.
  • Silje i hovudsalen i Bundestag, på omvisning med tysk ungdomsparti.
  • TV-tårnet på Alexanderplatz
  • Demontrasjon mot auke i husleigeprisar.
  • Brakkebygg i konsentrasjonsleiren i Sachsenhausen.

Beskriv prosjektet ditt.

Prosjektet var å studere statsvitskap og tysk i Berlin som del av bachelorgrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, medan eg tok permisjon frå jobben som politisk journalist i Dagen. Eg tok eit intensivt seksvekers B1-tyskkurs i regi av Freie Universität før semesterstart, og deretter B2.1 parallelt med studier i alt frå populisme til den tyske velferdsstaten.

Hva gjør dette relevant for deg?

Språkkompetanse kjem alltid godt med som journalist, og eg ville forbetre tysken frå B1-nivå til B2 for å greie å snakke sjølv og forstå meir skriftleg tysk. Dessutan ville eg sjå Noreg og verda frå eit europeisk perspektiv og valde å studere i Europas politiske sentrum, Berlin, og eit av dei betre statsvitskaplege universiteta: Freie Universität. Det er også ein historisk viktig by, og eg var på ei rekke ekskursjonar for å sjå alt frå konsentrasjonsleiren i Sachsenhausen til huset der Wannsee-konferansen blei held. Som fleirårig politisk journalist var det mellom anna spennande å kome meg på ein pressekonferanse med Angela Merkel. Det heile gav meirsmak på å jobbe utanlands i framtida.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Tyskkurset var svært nyttig, og eg er blitt talefør og forstår mykje meir tysk. Det var også spennande å bli meir kjent med det tyske samfunnet og sjå verda frå EUs ståstad. Ikkje minst var det interessant kor populært det er med økologisk mat og å droppe plastposar i matbutikkar, og samfunnsengasjementet som gav seg uttrykk i fleire demonstrasjonar. Minus kan vere at det er ein veldig stor by og det kan ta tid å kome seg rundt, finne vener og så vidare. Viktig å engasjere seg og oppsøke interessante miljø.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Kan sterkt tilrå språkkurs i forkant av og i løpet av semesteret. Universitetet er litt utanfor sentrum, så det kan vere praktisk å bu ikkje meir enn ca 30 minutt unna med kollektivtrafikken. Planlegg godt, så rekk du kanskje søke på sjølve utdanningsstipendet til Stup også. Det er ein stor by, og det kan vere ei utfordring å finne bra bustad. Finn gjerne ein plass for ein månad og leit når du er komen ned.

Studiested: https://www.fu-berlin.de/en/index.html