Logg inn

Washingtonseminaret 2018

Washingtonseminaret 2018
Washingtonseminaret 2018
  • Washingtonseminaret 2018
  • Kampanjekontoret til demokraten Leslie Cockburn i Charlottesville
  • Dørbanking på valdagen
  • Valvake med demokratane i Charlottesville

Beskriv prosjektet ditt.

Eg melde meg på Washingtonseminaret for å få betre innsikt i amerikansk politikk i stort og i interessekampane, strategiane og kommunikasjonstrendane som prega politikken midtvegs i det som har vore ein ganske annleis presidentperiode. Seminarprogrammet involverte møte med lobbyistar frå både republikansk og demokratisk side, nære rådgjevarar av Trump-kampanjen og Clinton-kampanjen, tenkjetankar og politiske analytikarar, journalistar som følgjer amerikansk politikk til dagleg og kommunikasjonsfolk som analyserer kommunikasjonstrendar og korleis dei vert brukte for å få politisk påverknad. Programmet gjekk over fem tettpakka dagar - tre dagar i Washington og to i Charlottesville i Virginia, byen som var slagmark for Unite the Right-demonstrasjonen i 2017. I tillegg hadde vi ein reisedag mellom dei to, der vi òg vitja Christ Church i Alexandria og eigedomen til Thomas Jefferson utanfor Charlottesville.

Hva gjør dette relevant for deg?

Eg jobbar som journalist og skriv om politikk og samfunn, utanriks- og tryggingspolitikk inkludert. Å få betre innsikt i kva som skjer i USA og kvifor det skjer, er såleis nyttig både for å kunne dekkje amerikansk politikk meir framover, men òg for å forstå dynamikken i den internasjonale politikken og det transatlantiske forholdet betre. Den internasjonale ordenen som vart etablert i etterkrigstida er i endring, og uro over utanriks- og tryggingspolitikken til Trump er ein av faktorane bak. Seminaret introduserte meg òg for interessante organisasjonar, miljø og kjelder, som eg kan kome til å kontakte for intervju eller bakgrunnsinformasjon seinare.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg synest seminaret var både spanande og variert. Dei fleste lobbyistane, politikarane, akademikarane, journalistane og analytikarane vi møtte var interessante å høyre på og bidrog til at eg sat att med ei betre forståing av interessekonfliktar i og mellom dei politiske partia og i samfunnet generelt. Særleg interessant synest eg det var å høyre på Tim Phillips frå konservative Americans for Prosperity, og Ann Stone, som var ein av leiarane i kampanjen Women Vote Trump i 2016. Det som kunne vore meir spanande, var rammene for mange av møta vi hadde. Litt for mange av møta med aktørar i Washington gjekk føre seg på eitt og same konferanserom på hotellet. Det er nok både billegare og enklare å få til logistisk enn å frakte ei gruppe på nesten 40 stykk rundt mellom ulike stader i byen, men det er alltid meir gjevande å møte folk i meir naturlege settingar enn i eit konferanserom.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Eg hadde for eigen del fått endå meir ut av seminaret om eg hadde følgt amerikansk politikk tettare på førehand, og kanskje òg planlagt å produsere journalistisk stoff undervegs. Men seminaret gav uansett stort utbyte.

Studiested: http://washingtonseminaret.no/