Logg inn

Engelskkurs hos EF - Education First

Utanfor EF sitt undervisningssenter i Manchester
Utanfor EF sitt undervisningssenter i Manchester
  • Utanfor EF sitt undervisningssenter i Manchester
  • Manchester
  • Llandudno i Wales
  • Conwy Castle i Wales
  • York
  • Chester
  • Edinburgh

Beskriv prosjektet ditt.

Fordi eg kjende behov for å friske opp engelsken min, først og fremst muntleg, melde eg meg på eit kurs hos EF i Manchester. Ein kan sjølv bestemme lengda på kurset, kursa hos EF går kontinuerleg. Eg tok tre veker, men dei som var der saman med meg hadde alt frå to veker til seks månader der. Vi var ca. 300 på kurs samtidig, men om sommaren kan det vere opptil dobbelt så mange der. Då vil eg tru der er trangt! På førehand hadde eg tatt ein test på nett slik at dei kunne plassere meg saman med andre som var på omtrent same nivå. Eg valde å ha mest fokus på muntleg, men også litt på vokabular og grammatikk. EF er veldig profesjonelle til å halde slike kurs, og har kurs i svært mange byar rundt i Europa. Men det er mange ungdomar som går på EF-kurs, så for voksne folk anbefaler dei å velge Manchester eller Malta. Når ein går på kurs hos EF, kan ein velge mellom å bu heime hos vertsfamilier eller i hybelhus der ein deler kjøkken med tre andre. Det siste kostar litt ekstra.

Hva gjør dette relevant for deg?

Ein har alltid behov for å kunne engelsk, både jobb og privat. Når det begynner å bli mange tiår sidan ein gjekk på skule, er det fint å kunne friske opp litt.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Profesjonelt kursopplegg, og mange gode lærarar. EF har egne folk som arrangerer utflukter, helgeturar og andre sosiale arrangement som det er frivilleg å vere med på. EF sitt skulebygg i Manchester er ikkje så veldig stort, men då eg ymta om at det var litt trangt der, fekk eg til svar at det var verre om sommaren med fleire studentar der. Å bu på hybelhus og dele kjøkken med andre, har sine negative sider. Ikkje alle er like flinke til å halde orden på kjøkkenet. Men eg høyrde mange som hadde negative opplevingar med å bu privat hos folk også, så eg vil nok anbefale hybelhus.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Eg benytta alt av fritid til å reise rundt. Veldig enkelt å reise med tog i Storbritannia. Var på helgetur til Wales og Skottland, og besøkte byar som Liverpool, York og Chester. Fin måte å praktisere engelsk på. Eg la også inn nokre feriedagar i London dagane før kurset.

Studiested: https://www.ef.no/