Logg inn

Engelsk i London og på Malta

EF-skulen i London.
EF-skulen i London.
  • EF-skulen i London.
  • Spinola Bay i St. Julians på Malta.

Beskriv prosjektet ditt.

Eg tok engelsk intensivkurs i London og på Malta arrangert av EF. For meg passa det betre å dela opp stipendet i to periodar på to veker kvar, og dermed reiste eg til London i august og til Malta i november. Studentane kjem frå store delar av verda, så det blir eit veldig internasjonalt og spennande miljø på skulen. Vi blei plasserte i ulike klassar etter språkleg nivå, basert på ein test på førehand og ein samtale første skuledag. Undervisningsopplegget var veldig likt begge plassar. Vanleg klasseromsundervisning er det grunnleggande, med stor vekt på diskusjonar om allmenne tema. Ein kan velja mellom å bu hos ein vertsfamilie, eller dela studentleilighet med andre EF-studentar. Eg prøvde begge delar, og var fornøgd både hos vertsfamilien i London og i "studentkollektivet" på Malta. Men det er fordelar og ulemper med begge løysingar.

Hva gjør dette relevant for deg?

Engelsk blir meir og meir viktig i alle delar av samfunnet. Eg treng ikkje engelsk til dagleg i jobben min, men det kjem stadig situasjonar der ein treng å kunna språket, både skriftleg og muntleg. Problemet er at det er altfor lenge sidan eg lærte engelsk på skulen. Dessverre er mykje blitt gløymt, men det har vore kjekt å oppleva at mykje har kome tilbake gjennom desse to kursa.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg er samla sett veldig fornøgd med EF. Lærarane har vore flinke og engasjerande. Organiseringa og undervisningslokala på Malta var nok litt betre enn i London, men eg vil likevel anbefala begge plassane.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Det viktigaste rådet er å bestemma seg for å gjennomføra eit kurs! Finn eit opplegg som passar deg, og send inn ein søknad.

Studiested: https://www.ef.no/