Logg inn

Ein utviklar i magen

Beskriv prosjektet ditt.

Prosjektet mitt var å realisere eit personlig kompetanseløft innanfor programmering. Eg har i lang tid hatt eit sterkt ønske om å lære meg koding, men i småbarnsbobla er det lite tid til slikt. Gjennom Noroff sitt accelerate program og STUP-støtte har eg fått muligheten og ikkje minst tid til å ta eit 10 vekers deltidsstudium i Python-programmering. Kurset har vore ei solid inspirasjonskilde og eg gleder meg til å arbeide meir med Python i tida framover.

Hva gjør dette relevant for deg?

Python kompetansen er med på å gjøre meg til ein meir attraktiv ansatt. I eit arbeidsliv og TV 2 i endring så håper eg og tror eg at dette vil være verdifull kompetanse både for meg sjølv og for TV 2. Meir konkret så har dette kurset gitt meg mange verktøy eg kan dra nytte av når eg skal arbeide med store datamengder. Både når det gjelder å automatisere rutineoppgåver og når det kjem til å effektivisere databehandling.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Eg synest studiet var særdeles lærerikt. Det går i ekspressfart frå grunnleggande kunnskap og inn det meir kompliserte. På vegen er ein innom mange ulike temaer. Den store bredden i kurset er i seg sjølv både eit pluss og eit minus. Det er begrensa kva ein kan presse inn eit 10 vekers deltidsstudium, når ein då tar for seg såpass mange temaer som ein gjør i dette kurset. Så får ein nødvendigvis ikkje mulighet til å dykke så langt ned i dei ulike temaene som ein gjerne skulle ønske før ein haster videre. Samstundes er kursholdar flink til tips til ting ein kan sjå videre på som sjølvstudium. For folk i «tidsklemma» er det fint at kurset fint lar seg gjennomføre sjølv om du ikkje har muligheten til å delta på forelesingene live. Alt er tilgjengelig på internett og foreleseren svarer stort sett temmelig kjapt på slack om du har nokon spørsmål. Det som eg sakna med kurset var ein meir velfungerende workshop i plenum. Samt ei ukentlig dypdykk oppgave for oss som har lyst til å dykke litt djupare. Samstundes som ein dei fleste vekene hadde meir enn nok å sette tenna i.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Først av alt. Sett av rikelig med tid slik at du får maksimert utbyttet av kurset. Deretter, bruk foreleseren når du står fast. For stå fast det vil du. Husk å være litt kreativ og leiken når du lærer deg ting. Legg inn eit påskeegg eller to til den som retter oppgåvene. Til slutt vil eg slå eit slag for å utfordre Noroff på litt meir utfordrande valgfrie oppgåver.

Studiested: https://www.noroff.no/accelerate/programmering-med-python