Logg inn

"Kulturelle endringar i Noreg og Europa"

Beskriv prosjektet ditt.

Som det framgår av den oppdaterte søknaden, vart det behov for endringar på opplegget for permisjonen. Årsaka var avlysing av eit planlagt fag ved Høgskulen i Volda. I staden har eg teke to mastermodular i programmet Theology and Ministry ved NLA Høgskolen i Bergen. 1) TAM303: Spirituality and spiritual formation og 2) TAM 304: Missional Ecclesionloogy in light of Trinitarian Faith and Comtemporary Culture.

Hva gjør dette relevant for deg?

Modulane byggjer vidare på teologisk kompetanse eg har frå før, og som vil vere til nytte i redaksjonen. Begge modulane handlar om teologi og trusliv i møte med samtidskulturen og globale spørsmål. Det er relevant for mykje av det eg har journalistisk ansvar for å Dagen. Kulturen er prega av auka pluralisering og sekularisering. Korleis påverkar dette samtalen om livssyn og særleg kyrkje- og kristenliv? Eg opplevde at akademisk arbeid med desse problemstillingane gav både innsikt og inspirasjon til tema som er høgst relevante for stoffområda eg har ansvar for i Dagen.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Ein fordel ved dette prosjektet var at det var relativt stor vekt på skriftleg arbeid med stoffet. I kvar av modulane var det åtte såkalla arbeidskrav som var obligatoriske. Dessutan var eksamen i det eine ei semesteroppgåve på 5000 ord, i det andre ein heimeeksamen med same lengde. Det gjorde at eg fekk godt høve til ikkje berre å lese, men reflektere skriftleg over sentrale spørsmål. Desse var i høg grad kopla til samfunns- og kultursituasjonen og dermed nyttige også frå eit journalistisk perspektiv. Ein annan fordel var at det var god tilgang til lærarar og miljø fordi det var få studentar i gruppa. På ei side sett kunne det vere ein fordel med eit større studiemiljø, der det var mogleg å knytte fleire nye kontaktar og få endå fleire perspektiv, men det var samstundes mogleg å bli kjend med studentar på andre liknande kurs. Eg trivst sjølv med å jobbe mykje sjølvstendig, men for studentar som trivst betre med å jobbe saman med andre, kan det nok vere ein fordel å velje prosjekt eller kurs med større grad av samarbeid.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Eg trur generelt ein knapt kan overvurdere verdien av å skrive som student. Sjølv om ein tek eit fag der det er mindre krav om skriving, meiner eg det vil auke utbyttet vesentleg om ein prioriterer å gjere dette. For ein som tek studiepermisjon frå ei stilling som journalist, trur eg også det er viktig å tenkje gjennom kva ein vil ha ut av ein studiepermisjon, og korleis ein kan nå måla sine. Til dømes tenkjer eg at det å vere i eit miljø, og få gode samtalar med både akademikarar og studentar utan at det er i ein intervjusetting, er av svært stor verdi.

Studiested: nla.no