Logg inn

Kompetanseheving portugisisk

Havet fullt av blomar under den religiøse feiringa av Iemenjá, candomblê-gudinne for havet.
Havet fullt av blomar under den religiøse feiringa av Iemenjá, candomblê-gudinne for havet.
  • Havet fullt av blomar under den religiøse feiringa av Iemenjá, candomblê-gudinne for havet.
  • Gateliv i nærområdet.
  • Mat, kultur og religion: sal av acarajé.
  • Lærerinne Ana Cristina Burgos og hennar foretrukne undervisningsmetode: laminerte lappar.
  • Her ser vi på ulike måtar å få fram kva ein meiner på.
  • Eg intervjua folk på gata om deira forhold til deira afrikanske fortid.
  • Frå museum for forholdet mellom Afrika og Brasil - gudinna Iemanjá.
  • Meg
  • Gatene var fulle av musikk, dans og kultur. Her frå eit vandreteater basert på bøkene til den lokale forfattar Jorge Amado.
  • Eit av kulturutrykka eg prøvde å lære meg, var å spele trommer. Her lærar Maestro Macimba ved ei oversikt over dei lokale rytmane.

Beskriv prosjektet ditt.

Fleire besøk - både profesjonelt og privat - i Brasil har gjeve meg eit temmeleg godt fungerande portugisisk språk, og tilgang på informasjon og stoff som få andre journalistar har, sidan det er eit språk få nordmenn mestrar. Men no byrja språket å ruste. Skulle eg unngå å miste det heilt, måtte eg ta grep. I tillegg ynskte eg å formalisere språkkunnskapen min noko - eg har lært på gata og frå folk, men var usikker på kor korrekt språket mitt eigentleg var. Difor ynskte eg å ta eit språkkurs i vidaregåande portugisik på ein skule - og det var naturleg å gjere det i Brasil, slik at eg i tillegg fekk praktisere så mykje som mogleg i perioden. Eg valde Salvador fordi eg der fann ein god skule med eit spanande kurs, samt at det var ein region av Brasil eg ikkje kjente godt frå før. Kurset "Conversation and Pronunciation Course" ved språkskulen BrazilLink i Salvador verka som det gav meg akkurat det eg var ute etter: språkkunnskap i ein samfunnssituasjon. Kurset skulle gå i detalj på uttale, kroppsspråk og sosiale situasjonar, og nyttar NGOar, offentlege organisasjonar og kulturelle institusjonar i undervisninga. Undervisninga var ein til ein med lærar Ana Cristina Burgos to timar dagleg måndag til fredag. I tillegg hadde eg språklege lekser og samfunnsfaglege utfordringar utanom skuletida. Vi valde å fordjupe oss i regionen Bahia og korleis kulturen her heng saman med det afrikanske kontinentet. Salvador er byen som tok i mot flest slavar under diasporaen, og kulturen er framleis i høg grad knytt til denne afrikanske arva. Dette vert synleg både i matkultur, musikk, religion og etikk. Vi brukte tekstar i undervisninga som gjekk inn i problemstillinga, eg besøkte museer, deltok i religiøse feiringar, prøvde å lære meg nokre musikalske uttrykk, og intervjua folk på gata om deira forhold til fortida i notida.

Hva gjør dette relevant for deg?

Brasil er eit land – men og eit kontinent på linje med Europa. Så store skilnader er det i det landet, og her er så mange historier som fortener å verte fortalt – historier som og heng saman med oss her i Noreg, for ikkje berre er vi langt inne i brasiliansk oljebransje og regnskogstøtte, vi er og heilt avhengige av Brasils matkammer. Her ligg det sjølvsagt interessemotsetnader. Og her ligg det stoff eg kan tenke meg å fordjupe meg meir i framover. Eg vil fylgje med på nyhendestraumen i Brasil, og plukke opp det som kan vere interessant i Noreg - og kanskje er eg god nok til å levere stoff også andre vegen?

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Å kome meg til Brasil no, og få praktiskert språket, var eg absolutt nødvendig. Hadde eg ikkje tatt grep no, hadde eg mista språket. Kurset ved skulen Brazillink var mindre samfunnsretta enn eg hadde trudd. Til gjengjeld var læraren Ana veldig lydhøyr til mine ynskjer, og la opp undervisninga ut i frå tema eg var interessert i, samt dei språklege utfordringane eg hadde. Vi jobba mykje med verbtider og skilnad på uformelt og formelt språk, noko som var nyttig. Så brukte eg fritida - som eg hadde ein del av - til å dukke ned i samfunnet, og tok det med attende til skulen kor vi diskuterte kva eg hadde oppdaga. Eg kjem attende med eit språk eg føler meg tryggare på, og som vil halde seg i meg i mange år til. Eg kunne tenkt meg meir utadretta verksemd frå skulen si side, men på den andre sida var det nyttig for meg å gjere det sjølv og - men om eg ikkje hadde kome med initiativet, hadde vi nok ikkje kome vidare frå dei korta og lappane som undervisninga i utgangspunktet la opp til, og som eg ikkje føler dekka det som var lova i kursomtala.

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Det er fordelar og ulemper ved å gå kurs ein til ein og i gruppe. Ved undervisning i gruppe vil eg fått snakka med fleire, men fått mindre spesifikk undervisning. Eg prata såpass mykje på fritida at det var eit godt val for meg. Salvador føltes tryggare enn det vert framstilt, sjølv nær karnevalstid med mykje trafikk i gatene kjende eg meg aldri utrygg aleine. Brasil kan jo vere litt meir ustabilt i høve tidspunkt og avtalar enn vi er vande med i Noreg, men Brazillink var veldig stabile og nøyaktige.

Studiested: http://linktobrazil.com/