Logg inn

Fotokurs på audegard i Nundalen

Beskriv prosjektet ditt.

Fotokurs i Nundalen i Sogn blir arrangert av fotografane Beate Willumsen og Heidi Dokter. Årets kurs gjekk over fire dagar, frå torsdag til sundag. Nundalen er i dag ein dal med berre aude gardar. Folka som budde her måtte flytte då dalen vart fluorforgifta av aluminiumsindustrien i Øvre Årdal. Audegardane i Nundalen er perfekte for fotografering, og ein spennande stad å leika med lys, landskap, bygningar og "historiske tablå". Kurset inneheldt både føredrag, oppgåver og "frileik med kamera". Forelesingane handla om alt frå kamera-innstillingar og objektiv til lyssetting, komposisjon, portrettfotografering og landskapsfotografering. På kveldane la me fram eit utval foto kvar, som vart vist fram og gitt tilbakemeldingar. Veldig lærerikt! Sidan me budde i lag under enkle forhold, vart me godt kjende, og fekk gode samtalar over frukostbordet og på grillkveld. Utendørs morgonyoga vart det også tid til. Alt eg har lært på fotokurset har gjort at fotogleda har kome tilbake, og eg ser fram til å utforske meir kameraet sine mange moglegheiter.

Hva gjør dette relevant for deg?

Som frilansjournalist er eg vant til å ta bilde på oppdrag. Men ofte prioriterer eg intervjudelen, og fotograferinga har kome i andre rekke. No har eg lyst til å bruke meir tid og tanke på fotodelen av jobben, og då vil eg ikkje lenger at kameraet mitt skal "outsmarte" meg. No har eg fått betre kontroll på innstillingane, og eg veit litt meir om kva anna utstyr eg bør prioritere. Fotokurset har vore praktisk retta, og vil koma godt til nytte i arbeidet mitt framover. Dei erfarne fotografane Heidi Dokter og Beate Willumsen har bidrege med mykje nyttig kunnskap, og konkrete tips til korleis få betre bilder. På førehand hadde dei henta inn info om kamerautstyr, kva nivå me var på, og kva me ynskte å lære meir om.

Hva syns du om prosjektet/kurset? Pluss og minus.

Er veldig imponert over kurshaldarane Beate Willumsen og Heidi Dokter. Dei to fotografane gav av seg sjølve, både fagleg og personleg gjennom heile kurset. Dei hadde tid til kvar einskild, og tid til å leika og utforska ulike idear. Sjølv er eg vant til å gå fjelltur og bære sekk, så det gjekk greit. Skal ein leita etter minus, så er staden kanskje ikkje like tilgjengeleg for alle. Samstundes, når ein først kjem dit, er det 100 prosent verdt det!

Nyttige tips for andre som vurderer noe liknende?

Veldig fint å få fleire dagar samanhengande, i rolege omgjevnader. Tid til å bli kjent med kameraet i ulike ljosforhold. Og tid til å prøve ut det ein vil lære meir om. Hugs rikeleg med batteri (powerbank). Og sjølvsagt, penn og papir til å notere undervegs. Fotokurs med Heidi og Beate kan eg tilrå på det varmaste! Venleg helsing Anne Rivenes, Voss